Fjerde søndag i advent: Folkefrelsar til oss kom

Folkefrelsar, til oss kom, /
fødd av møy i armodsdom! /
Heile verdi undrast på /
kvi du soleis koma må.

Herrens under her me ser, /
ved Guds Ande dette skjer. /
Livsens ord frå himmerik /
vert i kjøt og blod oss lik.

Utan synd han boren er /
som all synd for verdi ber. /
Han er både Gud og mann, /
alle folk han frelsa kan.

Frå Gud Fader kom han her, /
heim til Gud hans vegar ber, /
ned han fór til helheims land, /
uppfór til Guds høgre hand
Du som er Gud Fader lik, /
ver i vanmakt sigerrik! /
Med din guddomsvelde kom, /
styrk oss i vår armodsdom!
 
Klårt di krubba skina kan, /
ljoset nytt i natti rann, /
naud og natt til ende er, /
trui alltid ljoset ser.
 
Lov og takk, du Herre kjær, /
som til verdi komen er! /
Fader god og Ande blid, /
lov og takk til evig tid!
 
Veni, redemptor gentium, Ambrosius av Milano 300-t 
Oversettelse: Bernt Støylen 1905